Tidlegare i sommar vart det klart at Ulstein kommune framleis er den kommunen i Møre og Romsdal som skårar høgast på NHO sitt kommune-NM.

Rådmann Einar Vik Arset i Ulstein kommune fortel at dette er ei av målingane kommunen ser til.

– Kommune-NM blir lagt merke til, og resultata vert tillagt vekt til dømes i vårt strategiarbeid, i kombinasjon med eigne data og analyser, forklarer rådmannen. Han meiner at kåringa har ein opplagt positiv effekt på omdømet.

Prega av industrien

Eit av områda Ulstein skårar svært høgt på er arbeidsmarknaden, men rådmannen ser at det kan vere ein risiko at så mange er tilsett i industrien.

– Det er fantastisk å vere vert for tyngdepunktet i den mest innovative kompetanseklynga for maritime operasjonar i verda. Og så må det faktum at 44 prosent er sysselsette i industri sjåast saman med arbeidsmarknaden i regionen elles. Men klart det er sårbart. Breidde i arbeidslivet er bra for mangfald, stabilitet, innovasjon og attraktivitet, seier rådmannen, som skulle ønskje seg ein større vekst i offentlege arbeidsplassar, slik som i storbyane.

Den sterke industrien er også med på å prege utdanningsnivåa i kommunen. Om lag 17 prosent av dei sysselsette i kommunen har berre grunnskule som høgaste utdanning.

– Utdanningsnivået framstår eigentleg som overraskande høgt, iallfall for tradisjonelt industrisamfunn å vere. Alt frå fagarbeidarutdanning og til høgare teoretisk utdanning er viktig i samspel. Men realkompetanse skal ein ikkje kimse av – det har vi stor nytte av både i eigne rekkjer og i næringslivet, meiner Vik Arset.

Ulstein kommune arbeider hardt for å ta vare på dei mange utanlandske tilflyttarane til kommunen, og Vik Arset meiner det er rett av Ulstein å satse på desse, men kommunen

– Men lavterskelbustader er framleis mangelvare og store samferdselsprosjekt må kjempast fram. For netto innanlandsk tilflytting er eit kvalitetsstempel, utan tvil. Det same gjeld kjønnsbalanse, seier rådmannen, men der er ikkje Ulstein kommune på noverande tidspunkt.