Det store spørsmålet er om det observatørane meiner er  ekorn, eigentleg er røyskatt, som vi veit finst i faunaen vår.

Oddgeir Fjelle ved Fjellsvatnet fortel at han sjølv aldri har sett ekorn i området, men at han i det siste har motteke to ekorn-meldingar, uavhengige av kvarandre. Observasjonane er gjort på same stad, så sannsynlegvis er det snakk om det same dyret.

– Dei skal ha sett «ekornet» springe over vegen høgt oppe der vegen svingar ved enden av ei stor mark og der det er planta nokre graner på Hasundhorn-sida av vegen.

100 prosent sikker

Den eine observatøren, Håvard Grimstad, seier seg 110 prosent sikker på at det var ekorn. Han har sett dei krysse vegen i Gudbrandsdalen fleire  gonger.

I det andre tilfellet var det Tørres Myrene og Natalie Lillerovde som såg dyret.

– Eg er jeger og 100 prosent sikker på at det var ekorn. Vi var berre fem meter ifrå. Ekornet flaug opp i ei grein. Halen og heile oppførselen var «typisk  ekorn».

Tørres Myrene  legg til at han jaktar mykje på fastlandet, og at han der ofte ser både røyskatt og ekorn. Så skilnaden på dei to dyra har han lært seg.

Oddgeir Fjelle legg til at det også for eit par år sidan skal ha vore observert ekorn, den gongen på  Løset, på ryggen opp mot Løkeberget.

– Med alle  desse påståtte observasjonane i mitt nærområde må eg visst til å følgje betre med, seier han.

Tonar ned observasjon

Mange vil hugse at Øyvind Yri for ein del år sidan – då han jobba med nyevegen opp til Hammarstøylsvatnet – ringde inn til lokalavisa og fortalde at han meinte å ha sett ekorn.

– Det var i 2003. Eg trudde den gongen at det var eit ekorn eg hadde sett, men no veit eg ikkje. Eg har nemleg gjort ein liknande observasjon etterpå, og trudde også då at det var  eit ekorn som gøymde seg bak ein stein. Så smatta eg – og dyret  stakk fram hovudet – og eg såg at det var ein røyskatt. I lys av dette har eg tona ned den første observasjonen og trur no helst at det også den gongen var ein røyskatt. Dei har omtrent same fargen, meiner eg.

Omlag samme storleik

Røyskatten og ekornet kan vere om lag like store. Røyskatten sin sommarpels er lysbrun med kremgul underside, medan vinterpelsen er kvit. Ekornet sin pels er raudbrun på oversida, men blir gråare om vinteren. Undersida er kremgul/kvit. Pelsen på unge ekorn er svartbrun eller raudbrun. Men øyrer og hale er ulike (sjå bilda).