Den førebelse obduksjonsrapporten viser at 20 år gamle Sami Milhem, som vart drepen på Hareid 8. august, blødde i hel, melder NRK Møre og Romsdal.

Politiinspektør Ingar Bøen ved Sunnmøre politidistrikt stadfester at dei har fått rapporten, og at den viser at dødsårsaka var blødning. Han vil ikkje kommentere nærare kva rapporten viser om kva skader den drepne er påført.

I isolasjon

Mannen som er sikta for drapet sit varetektsfengsla i full isolasjon. Avhøyr av mannen gjer at fleire vitne må avhøyrast på nytt.

Bøen forklarer at det ikkje betyr at folk har forklart seg urett, men at politiet kan ha behov for å stille nye spørsmål.

Over 30 personar har vore inne til avhøyr, og politiet gjer nye avhøyr kvar dag.

smp