Trude Teige frå Fosnavåg er ute med si fjerde krimbok i serien om journalisten Kajsa Coren. Boka har fått tittelen "Jenta som sluttet å snakke, og handlar om overgrep i bedehusmiljø.

I eit intervju med Sunnmørsposten fortel Teige at ho sjølv i oppveksten har opplevd kristne leiarar som ikkje heldt fingrane frå fatet. Ho understrekar at det ikkje var øydeleggjande for henne, og at ho ikkje opplevde det som eit overgrep. Men ho har hatt utbreidd kontakt med ofre på Sunnmøre som har opplevd alvorlege overgrep og som strekvar psykisk.

"Jenta som sluttet å snakke" handlar om overgrep og tildekking av overgrep i bedehusmiljø. Dt handlar om å halde all informasjon skjult eller internt. Om å ville tru det beste, og ikkje melde frå om mistankar.

Trude Teige har jobba som journalist i 30 år, og sa for ei tid sidan opp jobben sin i TV2, der ho har jobba dei siste 12 åra.

No vil ho vere forfattar på heiltid.