Dette er det første av to fartøy som skal byggjast til sørvis og vedlikehald av offshore vindmølleinstallasjonar.

Fire nybygg er no under utrustning ved verftet. Etter ein månad på slep frå Tyrkia, der skroget er produsert, fekk bygg nummer 118 plass i tørrdokken då det kom rett før helga. Fartøyet er det første av to som skal byggjast for reiarlaget ESVAGT, som er ein ny kunde for Havyard. Havyard har frå før spesialisert seg på design og byggjer skip til fiskeri og offshore. No har dei opna døra for ein ny marknad: fornybar energi.

Nybygget er eit Havyard 832 SOV-design (Service Operation Vessel), og skal nyttast til sørvis og vedlikehald av vindmøller. Det er planlagt mange store vindmølleparkar til havs som treng jamnleg tilsyn.

– Det essensielle med denne designen er at sørvisteknikarane kjem ombord i vindmøllene via ein hiv-kompensert gangveg, og det er vesentleg at båten har mjuke og rolege rørsler for å kunne utføre dette, forklarar designsjef ved Havyard Design og Solutions, Arve Helsem Leine.

Båten er spesialtilpassa oppdraga sine med verkstad og store lagerrom.

– Om bord er det også kino, trimrom og spelerom for å auke trivselen til dei tilsette. Ikkje minst får alle eigen lugar, fortel Leine.

Fartøyet har plass til 40 sørvisteknikarar frå Siemens, som er operatør. I tillegg har båten plass til eit mannskap på 20.

Reiaren overtek fartøyet ved nyttår. Søsterskipet, bygg 119, blir sjøsett ved verftet i Tyrkia i september.