Sunnmøre politidistrikt melder tysdag ettermiddag at to bilar har kollidert på Drageskaret i Sande kommune. Ifølgje politiet sin twitter-konto skal det ikkje vere snakk om alvorleg personskade på nokon av dei involverte.

Nrk melder på sine nettsider at det er ein personbil og ei ambulanse som har kollidert, og at det er snakk om såpass store materielle skader at køyretøya ikkje kan køyre vidare.

Sunnmøre politidistrikt kan melde at ei kvinne i 50-åra er køyrt til legesjekk etter kollisjonen. Bilen hennar kom over i motsett køyrefelt og traff ambulansen. Det blir oppretta sak, og førarkortet vart beslaglagt. Politiet seier også at det ikkje var pasientar i ambulansen, og der kom heller ingen av ambulansepersonellet til skade.