Fredag blir det diskotek og biljardturnering på Bell Ungdomsklubb.

–Ta deg ein tur, samstemmer ungdomscrewet.

Denne veka har nye og gamle crewmedlemmar møttes for å planlegge tida framover på ungdomsklubben.-Nokre av dei som har vore med i crewet lenge slutta til denne sesongen grunna alder og nye utfordringar. Det er kjekt at vi har fått på plass nokre nye, som vil vere med og gjere ungdomsklubben til ein kjekk stad å vere, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.

Likar seg på BellEtter ønske frå crewet arrangerer Bell diskotek og biljardturnering denne fredagen.-Eg håpar mange kjem, seier Natalie Ulstein (14).Ho er ein av dei nye i crewet, og vart med fordi det virka gøy.André Sætre (13) stadfestar at det er kjekt å vere med i crewet. Han går laus på sin andre sesong.-Eg likar meg på Bell og synest det er kjekt å hjelpe til, seier 9.klassingen.Om det er ungdom som kan tenke seg å vere med i crewet så er det nokre få plassar att. Interesserte kan ta kontakt med Ungdomsarbeidar-Marie Flatin.

Gratis øvingslokale for ungdom-Ungdomsklubben held til på Skollebakken aktivitetshus, som også husar andre aktivitetar og brukargrupper. Kveldane med ungdomsklubb er det vi som har kaféen med kiosk. I kjellaren har vi diskotek/scenerom og eit spelerom der det er mellom anna biljardbord og Play Station, forklarar Marie.Spelerommet er også øvingslokale Hjalmar der ungdommar i band eller aleine kan booke øvingstid. Ta kontakt med ungdomsarbeidaren om det er spørsmål om øvingslokale og ungdomsklubb.