Som kjent planlegg Ulstein kommune å byggje nytt bade- og idrettsanlegg (Arena Ulstein) der «Samfunnshuset» står i dag. Der blir det kort veg til Ulsteinvik barneskule og Ulstein ungdomsskule.

Kommunen ønskjer å nytte området på nedsida av barneskulen til å utvide skuleområdet og til parkeringsløysing til Arena Ulstein.

Området er eigd av John Vik, Ann Reidun Vik og Eldrid Vik. Eldrid Vik bur i bustadhuset på tomta.

Kommunen har vore forhandlingar med søskena Vik og utarbeidd ein avtale. Der skal dei få eit samla vederlag på 8,1 millionar. Eldrid Vik får tilbod om å kjøpe Petterbakken 16 av kommunen for 2,5 millionar.

Avtalen må godkjennast av kommunestyret. Saka skal opp på formannskapsmøtet tysdag 26. august.

Rådmannen opplyser om at 4 millionar er teke opp i lån i økonomiplanen. Resten av summen rår han kommunen til å dekkje opp med meir lån. Ein kan også ta av investeringsramma til Arena Ulstein, men då har dei mindre å gå på der, og det før prosjektet har vore på anbod.