Rådmann Einar Vik Arset i Ulstein kommune meiner det er grunn til lovprise regjeringa for å leggje opp til ein nokså stram framdrift når det gjeld kommunesamanslåingar.

– Omstillingsarbeid krev ei viss styringsfart, sjølv komplekse omveltingar som denne, skriv han til formannskapet og meiner det er bra at regjeringa i liten grad har teke omsyn til siste del av landsstyret i KS sin høyringsuttale i mai 2014. For om reforma skal styrast etter kommunane som minst vil slå seg saman, vil utfallet framleis vere uavklara i 2020, spår Arset.

Han rår politikarane til å støtte at KS tek del som fagleg tilretteleggjar for lokale og regionale prosessar i det kommunereformarbeidet som regjeringa har starta.