I løpet av andre kvartal i 2014 har Ulstein kommune passert 8200 innbyggjarar og har ifølgje Statistsk sentralbyra no 8202 innbyggjarar.

På Ulstein kommune sine nettsider skriv kommunen at ein i løpet av andre kvartal har fått 64 nye innbyggjarar. Størst auke på søre Sunnmøre i denne perioden er det Herøy som har med 82. Hareid og Sande har begge ein auke på tre innbyggjarar i løpet av andre kvartal, medan Ørsta kommune har auka med 11.

Det er berre i dei to V-kommunene, Volda og Vanylven, at innbyggjartalet har gått ned i denne perioden. Volda har fem innbyggjarar færre enn i 1. kvartal, medan Vanylven har 11 færre.

Folketalet i Ulstein har auka med over 100 personar sidan nyttår, medan Hareid har hatt ein auke på om lag 50 nye innbyggjarar.