Sjå video frå videojournalist Stephan Borgund i toppen av saka.

Når Vikebladet Vestposten møter Rognes på skytebana på Ulset, tek han fem treningsskot for fotografen si skuld. Alle fem skota treff ein stein med blink, 880 meter frå der vi står.

– Eg har skote sidan eg var 10 år gammal, men det var fyrst på slutten av 90-talet eg byrja å skyte langt, svært langt.

I juli deltok Knut-Erik i Norges største langhalds-konkurranse i Sokndal i Rogaland. Der utklassa han Norges-eliten innanfor greina, og lengste avstanden han trefte på var ein stålblink på 1550 meter. Ein avstand som fekk internasjonal merksemd.

– Dei som arrangerer elitestemnet i Sør-Frankrike neste år, kontakta meg fyrst då dei såg Youtube-videoar eg hadde lagt ut. Dei sa at dersom eg kom blant topp fem i konkurransen i Sokndal, så ville eg få ein invitasjon. Det gjekk jo bra det. Der får eg konkurrere med yrkesmilitære, fleire av dei i aktiv teneste, seier Knut-Erik.

Vitskap

Om du trudde det var enkelt å treffe eit mål ein og ein halv kilometer vekke, og endå lengre, tru om igjen. Knut-Erik meiner denne forma for skyting er ein form for vitskap.

– Ein må forstå vêr og vind, trykk og temperatur, kunne rekne, og til og med vite ein del om jordrotasjonen. Når ein skal treffe eit mål så langt vekke nyttar det ikkje berre å sikte og fyre av.

Vil over 3.000 meter

Knut-Erik har fyrt av ikkje mindre enn 5.000 skot frå årsskiftet til no, men det krev mykje øving for å bli god.

– Rekorden min er på 2580 meter, men målet i år er å komme over 3.000 meter. Det satsar eg på at eg kan klare.

Sjå video frå videojournalist Stephan Borgund i toppen av saka.

Knut-Erik måler alltid vindstyrken før han legg seg ned for å skyte på eit mål langt unna. På Ulset traff han ein blink på 880 meters hald.
Fotografen følte seg tryggare når Knut-Erik Rognes fortalde geværet sjølvsagt ikkje var ladd i dette tilfellet. Rifla er av typen Remington 700 MLR Police, i kaliber 338 Lapua Magnum og gir ifrå seg eit godt smell og trykk når den blir fyrt av. Knut-Erik har treft eit mål med 40 centimeter spreiing på tre kuler, på heile 2.580 meters avstand! Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll