Francois Elsafadi er fødd i Libanon og var store delar av barndomen flyktning i Berlin. Han kom til Noreg som 14-åring og var på det tidspunktet i ferd med å hamne i eit dårleg miljø. Det same kunne han ha gjort i Noreg, om ikkje han og familien hadde blitt så godt integrerte som dei vart.

Søre Sunnmøre Mottak har fått Elsafadi til å kome til Ulsteinvik og halde fleire føredrag tysdag og onsdag neste veke.

Om integrering og ære

Tysdag skal han snakke til elevar og lærarar ved Ulstein ungdomsskule om korleis norsk ungdom kan hjelpe innvandrarungdom med integrering. Han skal også snakke om ungdomane ved mottaket om utfordringar dei vil møte i det norske samfunnet då foreldra ønskjer å oppdra borna i kulturen dei kjenner frå heimlandet. Og han vil gje informasjon til asylsøkjarar og flyktningar om hev, ære og norsk lov.

Onsdag vil han snakke til foreldre ved mottaket om barneoppseding av born/ungdom i det norske samfunnet.