Ulsteinvik Sanitetsforening skal no prøve noko nytt.

Første torsdagen i kvar månaden invitererer dei inn til ope sanitetsmøte på Bygdastova i Ulsteinvik.

Der kan alle interesserte kvinner møte opp. Samlingane er tenkte for alle som ikkje er med i saniteten frå før, både bygdefolk og kvinner som har kome flyttande til Ulstein kommune.

Saniteten jobbar mest med saker som har med helse, barn, ungdom og oppvekst å gjere.

Det er berre å møte opp på Bygdastova.

Åse Dimmen er leiar i Ulsteinvik Sanitetsforening.