Sunnmørsposten skriv i dag om ein småbarnsfamilie i Ulsteinvik som skulle reise til Tyrkia i dag, men sonen på 8 år får ikkje pass.

Mora Jenny Sundholm kom til Noreg frå Sverige i 1999. I 2006 fekk ho ein son med ein norsk mann, Erlend Øvrebøe. Dei har også fått to søner til, ein i 2009 og ein i 2014. Borna har vokse opp i Noreg.

Men då familien skulle skaffe borna pass før Tyrkia-turen oppdaga dei at den eldste sonen ikkje var registrert som norsk statsborgar, men svensk. Han fekk difor ikkje pass. For før ei lovendring i 2006 fekk born automatisk same statsborgarskap som mora.

Statslaus

Småbarnsforeldra får såleis ikkje reise på ferietur med borna. Dei fann det urettvist mot eldstemann å reise frå han, men ta med brødrene.

Det har no dukka opp eit nytt problem. Det viser seg at guten heller ikkje er registrert i Sverige, så han kan ikkje levere inn pass og utmeldingspapir frå Sverige for å bli norsk statsborgar.