I dag har Storfjorden Automobil Klubb sundagstur til Hareid. Over tretti bilar er her på øya i dag. Dei møttest ved Hareid rådhus. Køyrde så i kortesje til Overåsanden, vidare til Ulset og rundt Snipsøyrvatnet til dei kom til Klungsøyrtunet der dei var på gardsbesøk med Johs. Klungsøyr.

Der drakk dei kaffi og åt lønsj i tunet. Der vart også tida til ein tur på det private museet til Johs. Klungsøyr, og sjølvsagt tid til ein del bilprat.

Deretter går ferda i retning Rise, opp i Fjellsbrekkene, ned til Haddal og ut til gullblokka til Rolls-Royce i Ulsteinvik.

Fyldigare omtale frå veteranbiltreff blir i å finne i papiravisa.