20. september skjer det ein aldri så liten sensasjon på Flø. Då skal om lag 15 grafiske arbeid av den verdskjende kunstnaren Pablo Picasso presenterast for publikum.

Studiomanager Audun Hopland fortel at det aldri tidlegare har vore noko utstilling med verka til Picasso på Sunnmøre.

Utstillinga er i samarbeid med kunsthandlar Blomqvist i Oslo.

Firmaet Blomqvist er truleg det som har mest kjennskap til kva nordmenn det er som har ein Picasso i sitt eige.

Pablo Picasso var ein Norges-venn, og på 1950- og 60-talet var han fleire gonger i Norge. I samarbeid med den norske kunstnaren Carl Nesjar stod han for utsmykkinga av veggene på Regjeringskvartalet.

Salsutstilling

Under opninga 20. september vil det bli representantar frå Blomqvist til stades for å halde ei kort innføring om Pablo Picasso.

Audun Hopland opplyser at det er om lag 15 signerte grafiske arbeid som skal stillast ut, og at dei er til sals. Prisane varierer frå 30.000 til om lag 1 million kroner.

- Det er fantastisk moro for oss å få vise fram verk frå ein så verdskjend kunstnar som Picasso. Han er ein kunstnar som alle har høyrt om og har eit forhold til, kommenterer Hopland.

Pablo Picasso var fødd i Malaga, Spania i 1881 og døydde i Frankrike i 1973. Han var malar, teiknar, grafikar, keramikar og billedhoggar.

I Frankrike var han omgangsven med kunstnarar som Henri Matisse og Georges Braque.