Naustneset AS vil byggje ut bustader på Vollane og har difor levert framlegg til reguleringsplan.

I samband med det har Møre og Romsdal fylke søkt Riksantikvaren om dispensasjon frå kulturminnelova.

Krav om arkeologisk gransking

Riksantikvaren svarar at han gjev løyve til dispensasjon under føresetnad at det først blir gjennomført ein arkeologisk gransking av dei kulturminna som blir råka før tiltak etter planen blir gjennomført. I samsvar med kulturminnelova skal tiltakshavar dekkje kostnadene med utgraving.

Det er først etter reguleringsplanen er vedteket at dei kan gjere vedtak om omfang av den arkeologiske undersøkinga. Riksantikvaren gjer dei merksame på at arkeologiske undersøkingar stort sett berre er er mogleg å gjennomføre i sommarhalvåret. Tiltakshavar må varsle fylket i god tid før dei ønskjer å gjennomføre undersøkinga.

Kostar 3,6 millionar

Universitetsmuseet i Bergen har SFYK har utarbeidd eit førebels forslag til budsjett for ei arkeologisk undersøking av dei aktuelle busetnadsspora.

Ei slik utgraving er kostnadsrekna til 3 597 455 kroner.

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylke skriv til Ulstein kommune at før fylkeskommunen kan godkjenne reguleringsplanene for Vollane, må dei ta med ei formulering i reguleringsføresegnene om at det må gjennomførast ei arkeologisk undersøking.