Det er hektisk byggjeaktivitet i den gamle bensinstasjonen på ytre Hareid. Framleis er det lukta av sagmask og nytrakta kaffi som dominerer, men snart er det andre lukter, og andre smakar, som skal spele hovudrollene.

For seks år sidan byrja Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad med ølbrygging på hobbybasis.

– Vi har snakka om det sidan vi var i 20-åra, og hatt lyst i lengre tid. Det er noko vi interesserer oss for, og som vi brenn for, fortel Andreas.

– Det har vore ei seks år lang marknads- og produksjonsanalyse, skyt Øyvind inn.

Handverksøl

I 2012 starta dei to firmaet Grim & Gryt Gardsbryggeri, seinare døypt om til Økobryggeri.

– Vi skal lage høgkvalitetsøl, høgverdig, økologisk handverksøl, seier Andreas.

– Det har aldri vore noko anna alternativ enn økologisk. Ein får både betre råvarer og så er det heilskapsaspektet med miljø og helse. Vi ynskjer å vere med på å dra opp satsinga på det økologiske, fortel Øyvind og legg til at på sikt ønskjer ølbryggjarane at meir og meir av kornet i ølet skal vere norsk.

Dei to fortel at dei vil lage noko som folk umiddelbart kan setje pris på.

– Og ein kan faktisk tene pengar på det også. Det blir meir og meir øl, og handverksøl har hatt ein kraftig vekst dei siste åra, fortel Øyvind Grimstad Gryt.

Grim & Gryt Økobryggeri skal satse på ei brei portefølje, slik at dei fleste skal kunne finne ei øl dei likar. Dei to bryggerigründerane fortel at dei skal lage øl både for pilselskarar og ølsnobbar.

– Det vil vere stort spenn, men alt ølet vi produserer vil vere smaksrikt og av høg kvalitet, fortel dei.

Enn så lenge er det ikkje så mykje som minner om bryggeri i den gamle bensinstasjonen på ytre Hareid. Nokre sekker med malt ligg i eit hjørne, og i ein annan krok står det nokre kasser med humle. Tankane der ølet skal bryggjast er ikkje på plass endå, og det er heller ikkje maskina Øyvind og Andreas ser på som den viktigaste, ei heilautomatisk flaske- og korkemaskin.

I rett kommune

Grim & Gryt hadde nemleg søkt Hareid kommune sitt næringsfond om støtte til å kjøpe ei slik maskin, men det viste seg at kommunen var i ein kategori som ikkje kunne gje støtte til slike formål.

– Vi søkte i god tru og trudde vel at det skulle gå i orden, heilt til vi las artikkelen i Vikebladet. No har vi trekt tilbake søknaden og levert inn ein ny søknad der vi søkjer om støtte til kompetanseheving, profilering og konsulenttenester. Det vart gjort i dialog med kommunen, fortel Øyvind.

Dei to slår fast at Hareid absolutt er den rette kommunen for økobryggeriet.

– Her har vi møtt sinnssjukt mykje velvilje, og det er så mange som synest det vi gjer er kjempestas, seier Andreas.

Med eit stort nettverk og gode kontaktar på Hareidlandet, meiner dei at bryggeriet kan få fatt på det meste dei har bruk for lokalt.

– Vi veit kven vi skal kontakte for å finne ei løysing, seier dei.

Håpar på fulltid

I dag har både Øyvind og Andreas 20 prosent permisjon frå jobbane sine, som i staden vert nytta på bryggeriet. Ombygginga og klargjeringa av lokalet tek ein del tid, men det er framleis tid til brygging og testing.

– I dag (fredag) skal vi teste fem gjærsortar, og smake oss fram til kva som er best. Vi skal dyrke fram ein gjærkultur som skal verte ei husgjær, forklarer Andreas.

På sikt håpar dei at økologisk handverksøl av høg kvalitet frå Hareid skal kunne gjere hobbyen om til ein heiltidsjobb, men før den tid må ølet ut til forbrukarane.

– Vi satsar på å ha ølet vårt i butikkane før jul. Det skal vere mogeleg, men vi får sjå kva utfordringar vi møter undervegs.

Øyvind og Andreas fortel at dei har spikra rundt fem ølsortar, og at bryggeriet skal produsere både butikk- og poløl, men at butikkølet kjem først.

Grim & Gryt Økobryggeri satsar stort til å vere nystarta, men så har dei heller ikkje behov for å utvide med det første.

Råvarene er viktige når det skal produserast handverksøl av høg kvalitet. Her er det humle som blir grundig undersøkt av bryggekarane. Foto: Anderson/Variations