Hannelore Måseide og Eldar Knotten (båe Venstre) fekk ikkje gjennomslag for framlegget sitt i levekårsutvalet. Men tysdag vil Pål Grødahl (V) fremje det same framlegget på nytt. Då for formannskapet. Han meiner det er eit godt framlegg som også dei andre politikarane bør vere med på, berre dei får tenkt seg litt om.

– Dei vil ikkje flytte

Pål Grødahl viser til oppslaget i Vikebladet Vestposten førre laurdag om at Asbjørg Grønmyr og fleire andre ikkje vil flytte frå bustadene på Øvre Ulshaugen. Då synest han heller ikkje kommunen kan tvinge dei til å flytte.

– Dette er heimen deira, det må me ta på alvor, slår Grødahl fast. Han minner om at alle kan kjenne seg utrygge når dei må flytte. Særleg svake grupper kan kjenne det ekstra utrygt å gje slepp på heimen sin.

Sjå også: - Me kan ikkje tvangsflytte dei eldre (VIDEOINTERVJU)

Dei som bur på Øvre Ulshaug er så gamle at dei bør sleppe å bli tvangsflytta. Gamle folk treng omsorg, meiner Ulstein Venstre.

I staden for å tvangsflytte dei som bur på Øvre Ulshaugen, kan kommunen omdefinere bustadene til kommunale utleigebustader etter kvar som dei blir ledige.

– Bør ikkje tvinge dei til NAV

Ulstein kommune har alt vedteke at bebuarane i Vikebakkvegen og Prost Ankersgate skal flytte inn i dei nye omsorgsbustadene. Venstre har ikkje fremje framlegg om at dei skal få bli buande, men ønskjer at kommunen skal vere opne for å subsidiere husleiga for dei som treng det. Dei ber kommunen gjere ei individuell vurdering av husleigekostnader etter vurdering i lag med føresette/verge.

– Det blir for gale om dei må gå på NAV for å få råd til å bu i ein omsorgsbustad frå kommunen, meiner Grødahl.

Han synest politikarane bør jobbe med å lage mindre sosiale skilje, ikkje større.

– Kom bardust på

Venstrepolitikaren trur framlegget frå Måseide og Knotten kom litt bardust på dei andre politikarane i levekårsutvalet. Han trur at dei andre politikaren heller eigenleg ikkje har lyst til å tvangsflytte nokon, no strekkjer han ut eit hand han ber dei gripe. Dei har sjansen på formannskapsmøtet tysdag.