Førstkomande laurdag er det bylaurdag i Ulsteinvik. Bylaurdagen er eit samarbeid mellom kjøpsentra, gatebutikkane, kommune, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar, forklarer butikkgruppa.

Bylaurdag blir arrangert for å skape trivsel og vise breidda både i handel og kultur.

– Dette er ein tradisjon som er kome for å bli, slår butikkgruppa fast.

Dei er stolte over at dei klarer å samarbeide om dette, sjølv om butikkane elles ofte er konkurrerentar. Dei klarer å utvikle konseptet, og det er like spennande kvar gong kva dei kan tilby.

Bylaurdagane blir knytt til sesongane. No er det haustbylaurdag. Denne haustlaurdagen er det meldt opplett og sol, så det er mogleg å få til ein del aktivitetar ute.

Mykje som skjer

Det blir blålysdag ved Blåhuset. Dit kjem brannbil, ambulanse, eltilsyn Røde-Kors og sivilforsvaret.

Sjøborg kino har barnefilm denne dagen, «Fly 2: Brann og Redning», noko som kan passe bra etter borna har vore på blålysdag. Fleire butikkar har kinobillettar til denne filmen i premie.

Ulstein Seilerforening har damejollesegling på laurdagar. Dei vil leggje seglinga si til sentrumshamna eller der omkring denne dagen. Røde Kors-båten vil vere i lag med dei.

RG-Turn arrangerer bytedag på Blåhuset i lokala der Røyset Sko tidlegare heldt til.

Hasund og Dimnøy Skulekorps speler på ulike stader i sentrum.

Skateklubben stiller med oppvisning. Det blir seniordans på kulturallmenningen og Amfi Ulsteinvik. Til Amfi kjem også Amfelia og Oskar og deler ut gratis foliegassballongar.

Til Blåhuset kjem Disneyfigurane. Der blir gratis ballongar til borna. Det blir fleire buer med loddsal og liknande i sentrum. Kafeane og restaurantane har god mat og drikke og der blir flotte tilbod i butikkane.

Byrjar bli vakkert

Representantane frå butikkgruppa legg til at det byrjar bli rett vakkert i Ulsteinvik no som Sjøgata byrjar bli ferdig. Det er langt enklare å ta seg fram og finne parkering enn tidlegare.

– Sjøgata er Ulsteinviks boulevard, smiler Diana Moldskred og seier at prikken over i-en laurdagen blir korpset som skal spele i gatene.

Butikkgruppa håpar mange møter opp og får ein triveleg familielaurdag i Ulsteinvik.