Utdanningsforbundet og Private Barnehagers Landsforbund (PBL) går i mekling torsdag denne veka. Om dei ikkje kjem fram til ei løysing innan fredag midnatt, vil over 600 av Utdanningsforbundet sine 6000 medlemer i private barnehagar tilknytt PBL bli teke ut i streik frå måndag morgon.

– Det som er kjerna i saka denne gongen er at dei private barnehagane ønskjer å inngå ein ny pensjonsavtale som rammar dei tilsette hardt økonomisk. Me kan ikkje godta ei ordning der eigarane kan ta ut eit overskot på kostnad av dei tilsette sine pensjonsordningar, seier Ragnhild Lied som er leiar i Utdanningsforbundet.

Ho er provosert over at dei private barnehagane får offentleg tilskot tilsvarande 18 prosent av lønskostnaden til pensjon til dei tilsette, medan dei i dag bruker berre 8 prosent av desse til pensjon.

Uttaket

I førsteuttaket til streik er det tilsette ved barnehagar i Bergen, Oslo, Bodø, Porsgrunn, Rana, Sarpsborg og Skien som er teke ut.

Lied beklagar at ein eventuell streik vil råke borna i barnehagane og foreldra deira.

– Det er me leie oss for. Me me trur at pensjon er eit så viktig spørsmål med tanke på å rekruttere og behalde dyktige tilsette i barnehagen, så foreldra vil forstå kvifor me går til det drastiske steget.