– Etter det eg veit er vi det einaste koret herifrå som har meldt oss interesserte, seier korleiar Kjell-Einar Vik, som strekar under at Hareid kammerkor si påmelding ikkje er bindande. – Men eg reknar likevel med at det blir. Vi hadde eit stort fleirtal for å delta då vi hadde avrøysting på korøving.

Siste helga i november får heile landet – via TV-skjermane – høve til å synge seg gjennom den nye salmeboka. Opptaka skal skje i og utanfor Vår Frues kirke i Trondheim, melder Norges Korforbund på nettsidene sine.

Ein eigen redaksjonskomite  skal bestemme kva salmar dei ulike kora skal synge når på døgnet i løpet av fredagen, laurdagen og søndagen.

Salmane blir framførde i kronologisk rekkefølgje – frå perm til perm.

Håper på seks salmar

I utgangspunktet er det nemnt at kvart kor skal synge tre salmar, men Kjell-Einar Vik, som har vore i kontakt med NRK på Moholt i Trondheim, har fått forståing for at det er opning for å synge fleire. – Det er veldig langt å reise for å synge berre tre salmar, så det kan hende det blir fleire på oss, seier Vik, som håper på seks salmar for det rutinerte har-eidskoret, som har dyrka salme-sjangeren i heile si levetid.

Ei logistikkmessig utfordring

Å få til dette – med så mange kor i Trondheim den siste helga  i november – vil vere ei utfordring også logistikkmessig. Men Vik ser for seg at dei må legge inn minst ei overnatting: Å reise opp, synge og så reise heim same dag, ser han ikkje for seg. – Du veit, vi er ikkje noko ungt kor lenger, eg trur nok songarane er innstilte på at vi må få oss ei seng å ligge i.  Og så kan det vel hende at somme vil kombinere utflukta med litt julehandel.

899 salmar

Gjennomsynginga av den nye salmeboka blir ei maratonsending på om lag 60 timar. Det skal syngast 899 salmar, vers for vers.

Opplegget er eit samarbeid mellom NRK, korrørsla i  Norge og Kyrkjerådet, som har stått bak salmeboka og fått henne utgitt på Eide forlag.