Det var måndag klokka 11.27 måndag brannalarmen gjekk ved Hareid ungdomsskule. Alle elevane måtte evakuerast, og nokre av lærarane klarte sjølve å sløkkje elden. To bossbøtter på to toalett med 50 meters mellomrom, stod i full fyr og røykutviklinga var stor.

Etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Ulstein og Hareid lensmannskontor opplyser at politiet i startfasen måndag snakka med mange folk på staden. Saka har høg prioritet, og politiet skal avhøyre endå fleire.

- Men vi ønskjer tips frå publikum. Viss nokon har sett eller veit om noko som kan ha relevans for saka, set vi pris på at dei tek kontakt, seier Hjelle.

Dei kan då ta kontakt med Ulstein og Hareid lensmannskontor.