Ottar Mork har sendt Hareid kommune eit skriv der han viser til at den fjelltoppen som i dag går under namnet Hovdenakken er nemnt som "Haugnakken" på eit kart frå 1868. Kommunalsjef Oddbjørn Grimstad svarer at den kommunale namnenemnda skal ha møte den første veka i oktober og at dei då vil drøfte kva som er rett.

Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i namnesaker.