- Alle eg kjenner heime i Skottland går inn for å lausrive seg frå Storbritannia, seier John Finan. Skotten, som har gjort hjørungavågar av seg, er ikkje i tvil om kva han meiner er best for Skottland.

- Vi kjem til å klare oss heilt fint på eiga hand, trur han.

Finan meiner at det skotske næringslivet, som til dømes oljeindustrien, landbruket og dei mange whiskydestilleria, vil syte for inntekter.

John Finan er opphaveleg frå oljebyen Aberdeen og har sjølv arbeidd fleire år i oljebransjen. No jobbar han hos Rolls-Royce og trivst godt i Noreg og Hjørungavåg. Han trur at det vil verte eit enda tettare samarbeid mellom Skottland og Noreg dersom separatistane stikk av med sigeren etter folkerøystinga i dag.

Skottland og England har hatt felles monark sidan 1603 og dei to landa har vore ein del av parlamentsunionen Storbritannia sidan 1707. Skottland har likevel hatt sitt eige skulesystem, si eiga statskyrkje og sitt eige juridiske system. Etter å ha vorte styrt frå London i 292 år, fekk landet på nytt sitt eige parlament - etter ei folkerøysting.