Ein mann i 20-åra er anmeldt etter å ha «burna» seg gjennom Fosnavåg sentrum. Til alt overmål skjedde dette med ei rekkje born tilstades. I følgje politiet kom borna rett frå ei korøving då dei vart vitne til den hasardiøse bilkøyringa. Mannen som er mistenkt for å ha køyrt bilen er for tida på sjøen , men kan sjå fram til å verte fråteken førarkortet når han går i land.

Ein anna kar, også han i 20-åra, mora seg med å sladde rundt i nokre rundkøyringar, også dette i nærleiken av Fosnavåg. Uheldigvis for sjåføren vart opptrinnet lagt merke til av ein sivil politipatrulje, noko som førte til at han vart fråteken førarkortet.