Sist fredag, då Steve Bruns, med kone og fleire barn, kom frå Stavanger til Ålesund lufthamn Vigra på veg til Ulsteinvik, fekk familien eit mindre heldig møte med flyplassen.

– Kona mi er sunnmøring og har stor familie her, så vi er ganske ofte på Sunnmøre. Vanlegvis brukar vi å køyre bil, men no var det konfirmasjon og det passa best å fly til Vigra, fortel Bruns.

På flyplassen tok det litt for lang tid å få med seg all bagasjen, så flybussen til Valderøya gjekk før alle koffertane var gjort greie for.

– Vi måtte vente ein time, men det var ikkje noko problem. Eg tenkte at vi kunne kose oss på kafeen og få oss litt mat. Vi hadde ikkje dårleg tid, forklarer Bruns.

Problemet var berre at det ikkje er noko kafétilbod på Vigra for passasjerar som kjem til flyplassen.

Nyleg opna ein kiosk i gangen utanfor ankomsthallen, medan kafeen innanfor sikkerheitskontrollen berre er for dei som reiser frå flyplassen.

– Dersom vi skulle bli sitjande i gangen utanfor kiosken, så var kjensla at vi berre vart sitjande i vegen, med ungar og bagasje.

Litt skuffande

Bruns fortel at han ikkje ønskjer å klage for mykje på opplevingane, men han meiner Sunnmøre har så mykje bra at det er litt flaut når inngangsporten ikkje har god nok standard.

Amerikanaren reiser mykje, og seier at det vanlegvis er greitt å vere på flyplassar, men at på Vigra var også reinhaldet skuffande. Då han vitja toalettet var det over eitt døgn sidan siste vask, og ifølgje Bruns var det ikkje spesielt innbydande.

– Sunnmøre er fantastisk vakkert, det er flotte folk som bur her. Eg har skrytt mykje av Sunnmøre til folk eg kjenner, og då får ein ei litt flau kjensle når ein kjem til flyplassen og forholda er slik som dei er.

– Tidlegare var det kafé i andre etasje og eg har brukt nokre timar der. No hadde det i det minste vore fint med ein sofa eller liknande å sitje i. Sunnmøre kan betre, seier Bruns.

Lenge sidan kafétilbod

Opplevingane til Bruns-familien vart formidla vidare til Avinor.

– Det er svært mange år sidan der var eit kafétilbod på det vi kallar landsida av flyplassen. Kafeteriaen vart flytta til innsida av sikkerheitskontrollen i 2009, som ei følgje av fallande omsetning og som følgje av nye reglar for sikkerheitskontrollen, seier kommunikasjonssjef Gurli Høeg Ulverud i ein e-post til Vikebladet Vestposten.

Ho fortel vidare at det har vore etterlyst eit tilbod på utsida av sikkerheitskontrollen dei siste åra, og at dette vart realisert no i sommar.

– Vår kontraktspartnar SSP har opna ein Point-kiosk på landsida i terminalen. Denne kiosken har eit normalt godt kiosktilbod. Der er også bort i området ved kiosken der det er mogeleg å setje seg, men dette er altså primært ein kiosk og ikkje ein kafé, forklarer Høeg Ulverud.

Når det gjeld toaletta ved lufthamna seier kommunikasjonssjefen at alle toaletta, med nokre få unntak, skal vere vaska to gongar kvar dag.

– Om det har skjedd noko feil med reinhaldsleveransen på det aktuelle tidspunktet skal vi sjekke nærmare, eller om det kan ha vore gjennomført reinhald, men det var gløymt å kvittere på lista.

Stor utviding

Høeg Ulverud minner også om at Avinor er i full gang med å utbetre areala på Vigra, og at ein sjølvsagt ønskjer eit godt tilbod, både til dei som skal reise frå Ålesund, og dei som kjem til flyplassen.

– Fram til juni 2015 blir det gjort ombygging i den eksisterande terminalen, og før sommarferien 2015 skal heile avgangsområdet vere klar i ny utgåve, fortel ho om utvidinga som er på 2.200 kvadratmeter.

Ålesund lufthamn har hatt ein stor auke i passasjertalet dei siste fem åra, og Gurli Høeg Ulverud forklarer at etter ombygginga skal dei reisande få nyte godt av internasjonale butikkjeder, mindre køar og større sitjeareal.

– Det blir investert rundt 60 millionar kroner for at inngangen til Sunnmøre skal stå fram som endå betre enn i dag. Så neste gong familien Bruns kjem til Ålesund, håpar eg dei blir positivt overraska, avsluttar ho.

Steve og Anne Kristin Bruns med familie var på veg til Ulsteinvik då dei opplevde eit litt skuffande møte med Ålesund lufthamn. Steve Bruns skulle ønskje at inngangsporten til Sunnmøre skulle stå litt meir i stil med naturen rundt. Foto: Privat