Denne veka er Sandra Isabell Aasen frå Ulsteinvik i London på utstillinga «100 % Norway».

Ho studerer møbel og romdesign/interiørarkitektur ved Kunsthøgskolen i Bergen. Der går ho på tredje året, deretter skal ho ta mastergrad.

– Konseptet med spegelen Feelgood er at det er ein spegel som skal få deg til å kjenne deg best mogleg, forklarer designstudenten. Spegelen kan roterast 360 gradar og har lys som gjer at du kan styre skuggane.

Du kan leike med lyset

Spegelen er laga av valnøtt, stål, ei spegelflate og to 3D-printa lystrekantar med akrylfront. Det store lyset er litt sterkare enn det vesle, forklarer Aasen. Spegelen er litt vinkla for å ta vekk fokuset frå haka.

Når du speglar deg i denne spegelen kan du leike med lyset og skuggane for å finne det beste lyset til ditt ansikt. Aasen har kalla spegelen for FeelGood.

Oppgåva studentane fekk var å tenkje over morgonane sine. Då oppdaga Aasen at dårleg lys på badet gjorde det vanskeleg å sminke seg fint. Då fann ho opp denne spegelen med integrert lys. Spegelen kan henge både på bad og gang. Han er fin i seg sjølv, samstundes som han er ein bruksgjenstand.

Utstillinga i London heng til og med sundag.