Tysdag kveld vart det offentleggjort at ho er Ulstein Høgre sin ordførarkandidat til valet neste haust.

-  Det blir veldig spennande. Dette er ei stor utfordring og ei stor glede. Eg ser fram til å representere Ulstein Høgre som ordførarkandidat, seier Heidi Strand til Vikebladet Vestposten.

Det var nominasjonsnemnda som kom fram til at Strand var den beste kandidaten til ordførarvervet. Og då forslaget vart lagt fram for styret i Ulstein høgre var valet av Strand samrøystes.

Strand er inne i sin fjerde periode som kommunestyremedlem i Ulstein. Like lenge har vore medlem av formannskapet. Strand har også fire år bak seg i teknisk utval. Til dagleg er ho soneleiar i helse- og omsorgsetaten i Ulstein kommune.

Allereie før sommaren presenterte Ulstein Arbeidarparti Magne Grimstad jr. som sin ordførarkandidat. Noverande ordførar Jan Berset (Høgre) gir seg etter valet neste haust. Og verken Høgre eller AP legg skjul på at dei ønskjer seg ordførarvervet.

- Vi har allereie begynt å tenke på valkampen. Vi skal jobbe hardt for å framleis ha ordføraren i kommunen, varslar Heidi Strand.

Leiar i Ulstein Høgre, Knut Kleiven, meiner dei har fått klar ein god ordførarkandidat.

- Heidi har lang fartstid som politikar og er ein god kandidat. No gler vi oss til å starte på oppgåvene som er i vente, seier Kleiven til lokalavisa.

Les meir i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.