Då vaskarane kom på jobb ved Hareid ungdomsskule rundt klokka 05.30 i dag, rann vatnet i strie straumar frå taket i midtpartiet på bygget.

Rektor Siv Marit Røyset Kaldhol hadde ikkje anna å å gjere enn å sende alle dei om lag 190 elevane ved skulen heim då dei møtte opp til undervisning fredag.

- Det er ikkje alle klasseromma som er vasskadde, men toaletta er ille medfarne, og vi kunne ikkje satse på undervisning i dag, opplyser rektoren.

Takreparasjon var på gang

Hareid ungdomsskule stod ferdig i 1972, og taket har lenge vore mode for reparasjonar. Eit firma starta på oppgåva om lag samtidig som skulen starta opp no i haust. Dei har mellom anna bygt ei takkasse på midtpartiet. Jobben skulle i utgangspunktet vere ferdig fredag, men uforutsette skader på taket gjorde at firmaet varsla at dei trengde litt meir tid.

Men taket tolte altså ikkje dei store nedbørsmengdene som kom natt til fredag og føredag føremiddag.

Boksamling og lysarmatur

Etter at elevane var sende heim att, gjekk lærarane, med ekstra tilkalling av ekspertar, i gang med å berge unna det som bergast kan. Men det har blant anna gått hardt ut over boksamlinga.

Vatnet renn gjennom lysarmaturen i taket, og fleire av romma er no utan straum. Elektrikarar har forsikra at det ikkje kan føre til brann.

Det er altså  i midtpartiet, med aulaen, kantine, toalett, scene og lagerrom som er hardast skadd.

- Eg reknar med at alle innvendig tak, og kanskje også ein del vegger må skiftast ut. Førebels er eg derfor usikker på om det blir undervisning måndag, seier Siv Marit Røyset Kaldhol.

Ho oppmodar elevane og føresette om å følgje med på Hareid kommune og vikebladet.no sine nettsider. Der vil det kome informasjon om kva som skal skje på månadag.