– Vi treng ikkje språkpoliti som skal sjekke opp korleis setningane våre er, sa FrP-representanten Øyvind Grimstad då Hareid kommunestyre skulle vedta ein målbruksplan i siste møte.

Grimstad meinte det fekk vere nok at det var vedteke at kommunen sitt administrasjonsmål skulle vere nynorsk. – Her er snakk om fleire ting, blant anna kurs og hjelpemiddel på alle kontor. Det blir ein kostnad, og kor mykje? ville han vite.

Kristian Fuglseth (Folkelista): – Kommunen sine kostnader ved kurs blir dekte av LNK, Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

– Men dekker dei tapt arbeidsforteneste? ville Grimstad vite.

Ordførar Anders Riise (H): - Sjølve kursa blir dekte, men den tida dei er borte frå arbeidsplassen blir ikkje dekt.

– Viss der er ein feil i setningsbygninga i svaret til ein innbyggar, er ikkje det noko vi treng å legge oss opp i. Vi har andre viktigare ting å legge oss opp i, kommenterte Grimstad.

Rådmann Grytten: – I tilfelle kostnader må det vere dei enkelte einingane som dekker dei over sine kursbudsjett.

Kommunestyret vedtok så målbruksplanen – mot dei to Frp-arane Øyvind Grimstad og Truls Håbakk sine røyster.