I dag søndag 28. september står tekstar, skrivne av hareidsdølingen Andreas Bjåstad, sentralt i konserten ”Tolv tavler – kvar er du?” i Hareid kyrkje.

Bjåstad har nemleg skrive fem av dei tolv ”tavle-tekstane”.

- Kva er dette slags prosjekt, Andreas?

- Det starta med at soknepresten på Vartdal, Arne Moltubakk, plukka ut tolv bibeltekstar. Til kvar av desse skulle det så lagast eit bilete, ein songbar tekst og ein melodi.

- Det har vorte eit slags collage der dei tre uttrykksformene ”ordet”, ”tonen” og ”bildet” får tale.

- Eg vart utfordra til å skrive tekstane mine vinteren 2013. Oppdraget inspirerte, og eg arbeidde med dei fram til august. Så sende eg dei til Gaute Øvereng, som tonesette dei. Etter litt kommunikasjon oss i mellom kom vi fram til eit sluttresultat, som eg er svært godt fornøgd med. Øvereng er verkeleg dyktig.

I tillegg til Bjåstad har Oskar Stein Bjørlykke og Marianne Magnussen skrive tekstar.

- Eg er nok den av desse som likar seg best i bunde rim og rytme. Bjørlykke likar begge delar, medan Magnussen er meir ”laus” i formene, seier Bjåstad.

Den første teksten i framsyninga er henta frå den første boka i Bibelen, der Gud ropar på menneska, ”Kvar er du?”. Til denne teksten har Andreas Bjåstad mellom anna skrive dette:

Menneske, kvar er du no, du som gøymer deg bort?Eg vil fylgje deg, finne deg att.

Det var urpremiere på konserten i Ørsta i fjor haust, med gode tilbakemeldingar.

Vil gi ny innsikt

faSong, koret som framfører songane, har songarar frå både Ørsta og Volda.

Under framføringa i Hareid kyrkje står Geir Helge Ådneram for tonefølgjet på piano, Knut Hunnes spelar bass og Fernando Pineda Lopez saksofon. Kristian Myklebust les tekstane, som er utgangspunktet for det heile.

Initiativtakar Olav Baarøy er ansvarleg for dei tolv visuelle uttrykka – dei tolv tavlene.