I dag tidleg, sundag, vart det funnen ein død mann i 50-åra i sjøen ved Geileneset i Ulsteinvik. Mannen vart funnen av ein tilfeldig forbipasserande i ni-tida.

Politi og ambulanse kom til staden og fjerna den døde personen. Politiet melder om at det ikkje er mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

– Me ser ikkje på dette som mistenkeleg på noko vis, berre som eit tragisk dødsfall. Mannen er identifisert, og me er i ferd med å varsle nokre av dei pårørande, sa operasjonsleiar Terje Lingås i Sunnmøre politidistrikt til NTB.

Mannen var utanlandsk.