Ulstein kommunestyre utvida torsdag aksjekapitalen i Ulstein Fjernvarme AS med 9,5 millionar kroner. Det fører totalen opp i 12,5 millionar kroner.

Pengane blir tilført selskapet med 4 millionar kroner no, og 5,5 millionar innan 10. januar 2015. Kommunen forskotterer også inntil 3 millionar kroner av Enova-tilskot.

Steinar Torvik i KrF la fram forslag om å utsetje denne saka, fordi han meinte kommunen må finne andre middel å hente pengane frå. Torvik var uroa for at pengane ville kome frå eit allereie nedtappa driftsfond.

– Utsett saka og få på plass ei langsiktig finansiering utan bruk av driftsfondet.

Ivar Mork (Ap) meinte i staden at fjernvarme er ei nedsalting av pengar som kommunen vil få rikeleg att frå seinare.

– Eg har stor tru på at dette etter ei tid med strengare reguleringar på utslepp vil verte ei solid og gullkanta forretning for kommunen.

Også Knut Erik Engh (Frp) bad om at ein ikkje utsette saka, sidan fjernvarmeselskapet står framom viktige investeringar som må liggje klart når nye kundar skal koplast på.

Utvidinga av aksjekapitalen vart vedteke med 21 mot 3 stemmer.