Dei siste par åra har det skjedd lite i hotellkjellaren, etter at konseptet «Sans» hadde eksistert ein liten periode. Men i mellomtida har Hareid hotell blitt til Melshorn hotell. Og no har Balasingam «Bala» Mylvakanam gått inn ein toårig leigeavtale for kjellarlokala. Det har gått fort i svingane. Gledeleg for mange opnar puben igjen allereie fredag førstkomande.

Livemusikk laurdagar

– Konseptet går ut på at vi har ope fredagar og laurdagar. Kvar laurdag blir det livemusikk, medan vi fredagar hyrar inn ein DJ eller liknande. Når vi opnar fredag kjem ei gruppe frå Hareid og spelar (The Harmonies), sidan det er opningsfest, og så kjem ein trubadur laurdag (Ståle Dimmen), forklarer Bala.

Kvifor ikkje?

Han driv også pizzarestaurant på Ytre-Hareid. Og det var slik han fekk ideen til å få liv igjen i publokala i sentrum.

– Mange folk eg har møtt på pizzeriaen meiner vi bør ha ein eigen pub på Hareid, slik ikkje folk treng om å reise til Ulsteinvik i helgane. Så eg tenkte; kvifor ikkje? No har vi planlagt oppstarten i to-tre månader og gler oss til å prøve dette, seier Bala.

Helgepub

Vanlegvis blir ikkje puben open elles i veka. Men det går an å leige lokala til private arrangement, som til dømes barneselskap, festar eller møte. Det er ikkje kjøken på puben, men Bala og Co. kan ordne mat frå deira eigen pizzarestaurant. Det blir elles lagt opp til spesialope på 17. mai, i jula og andre utvalde dagar og tider.

Og kva skal så puben heite? I Brønnøysundregisteret er han kalla «Weekend pub». Men inntil vidare er namnet som nyttast framleis «Sans».

Fire på jobb

Bala fortel at det er fire personar som skal jobbe på puben. Ein skal vere vakt, éin skal selje billettar og to skal stå bak disken.

– Eg ønskjer alle velkomne til puben vår. No er det ikkje lenger nødvendig å reise til Ulsteinvik for å gå på pub, smiler Bala, som mellom anna har fått hjelp frå dottera Ranchi.

PS. Det blir 18-års aldersgrense i puben fredagar, medan aldersgrensa laurdag er sett til 20 år.