Ulstein brannvesen har gjennomført branntilsyn av Selvågtunnelen. Dei påpeiker ein del manglar. Dei syner til den store auken i trafikk gjennom tunnelen, særleg etter det vart slutt på bompengar gjennom Eiksundtunnelen. Tunnelen har feil type ljos og manglar naudljos. Der er for få naudpostar med naudtelefonar og handsløkkjarar og havarilommer. Det manglar også system for røykventilasjon.

Fylket må utarbeide ein handlingsplan for når og korleis dei vil rette avvika. Dette må gjerast innan 31. oktober 2014.