Torsdag arrangerte regionrådet konferanse om kommunereforma, der ordførarar, rådmenn og formannskapsmedlem frå alle dei 19 medlemskommunane var representerte.

Går breitt ut

Anders Riise (H) fortel at han sit at med eit positivt inntrykk etter konferansen, som han seier er eit kickoff for formannskapa på Sunnmøre i høve arbeidet med kommunereforma.

– Det var ei relevant og nyttig konferanse, der fleire vart medvitne om kva som er kommunane si rolle.

Riise understrekar at ein ikkje skal tre kommunereforma ovanfrå og ned, men at den skal vekse nedanfrå og opp.

Riise fortel at det først er inn mot eit prosessvedtak våren 2016 ein må byrje å knipe inn på detaljane kring eventuelle samanslåingar. Fram til då ønskjer han ein prosess utan fasit i botn.

– Prosessen må vere så open som mogeleg, slår han fast.

Tre av dei fire kommunane på ytre søre Sunnmøre har vedteke retning for den vidare prosessen med kommunereform. Både i Ulstein og Sande har kommunestyra vedteke at ein ikkje er framande for å vurdere ein storkommune med alle kommunane på søre Sunnmøre, men begge meiner det så langt er mest tenleg med dei fire kommunane i ytre.

To, fire eller sju kommunar

Riise fortel at eit slikt vedtak er på trappene også i Hareid, men at fleire kommunar kan kome til å måtte gjere nye vedtak, grunna strengare krav frå fylkesmannen.

Eit spørsmål ein kan stille seg er kva dei forskjellige kommunekonstellasjonane vil føre til, og korleis ei ny kommune vil sjå ut om den er sett saman av to, fire eller sju kommunar.

Ulstein og Hareid hadde 13.113 innbyggjarar 1. januar i år. Den samla befolkninga på ytre søre var på 24.596, medan alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre hadde 47.343 innbyggjarar.

Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at storkommunen vil nå om lag 55.000 innbyggjarar i 2040, om ein legg til grunn ei middels utvikling. Tala frå SSB syner at det er Ulstein kommune og deretter Volda som vil stå for den største veksten i folketalet, medan Vanylven er den einaste kommunen der folketalet ser ut til å gå attende.

Fleire eldre

Framskrivingane til SSB syner også at seks av dei sju kommunane vil få ein auka del innbyggjarar i yrkesaktiv alder sett i forhold til personar over 80 år fram til 2020. Men derifrå og fram til 2040 vil talet på eldre auke mykje i forhold til den yrkesaktive befolkninga.

Vanylven er den einaste kommunen der dette forholdstalet også går ned inn mot 2020, og har den mest dramatiske nedgangen til 2040. Men også Ulstein som per i dag har den størst del av befolkninga i yrkesaktiv alder, sett opp mot innbyggjarar over 80 år. Ulstein vil meir enn doble delen av befolkninga som er over 80 år i løpet av denne 20-års perioden.

Økonomisk er det Ulstein og Vanylven som står med det beste netto driftsresultatet frå 2013. Vanylven har også den lågaste netto lånegjelda sett i forhold til brutto driftsinntekter, og her er det Ulstein som klart toppar lista med ei netto lånegjeld på 160 prosent. Samla får dei sju kommunane ei nettogjeld på 98,3 prosent.

Alternativ nordover?

Anders Riise merka seg undersøkinga frå Sentio Research, som viser at meir enn 90 prosent av dei spurte innbyggjarane i Ulstein og Hareid vil ha ei samanslåing med desse kommunane, men ordføraren trur fleire kan på ein augeopnar i løpet av prosessen.

Anders Riise peikar også på at med eit ope sinn til kommunereforma, så er det ikkje sikkert ein må tenkje i retning søre Sunnmøre.

– Kan ein like gjerne sjå nordover? vurderer ordføraren og legg til at det er ei reform for dei neste 50–60 åra.

Gjennom kommunereforma vil kommunane ta imot både eingongsstøtte og reformstøtte ved samanslåing. I tillegg kjem inndelingstilskot.