Ei av nyhendene frå statsbudsjettet som vart lagt fram av finansminister Siv Jensen onsdag var at ferjefri E39 blir prioritert, og at mellom anna Hafast får tildelt planleggingsmiddel.

Litt overraska

Dagleg leiar i Hafast, Kjell Sandli, var svært nøgd då Vikebladet Vestposten kontakta han.

– Kjempenøgd, men litt overraska. Eg er endå meir positiv no enn då vi diskuterte Hafast med samferdselsdepartementet.

Nøgd var også styreleiar Gunvor Ulstein, som er glad for at politikarane følgjer opp vedtaket frå i vår.

– Det viser at dei har forstått den verdiskapinga som finst i vår region, og at for å vidareutvikle denne så treng vi hjelp gjennom dei gode samferdselsløysingane, seier Gunvor Ulstein til Vikebladet Vestposten.

Kan finne svar

Kjell Sandli fortel at planleggingsmiddela garanterer at prosjektet kjem i gang.

– Dei små tinga kan vi i stor grad finne ut av sjølve, men med planleggingsmiddel så kan vi også få unna dei store utfordringane.

Sandli fortel at det er fleire ting Statens vegvesen ikkje har svar på i høve gjennomføringa av Hafast, men at dei no får mogelegheita til å finne desse svara.

Tysdag slapp Harald Tom Nesvik nyheita om at Hafast ville få planleggingsmiddel, og han sa då at målet må vere å få prosjektet inn i utbyggingskøen til nasjonal transportplan skal rullerast i 2017.

– Det er det vi har drøymt om seier Sandli og legg til at han håpar Hafast skal vere så godt reia ut og ha dei nødvendige svara, slik at prosjektet er gryteklart til då.

– Eg er så takksam for dei folkevalde som har stått på og gjort dette mogeleg, seier han.

Sandli trekk også linjene lenger enn til eige prosjekt.

– Med planleggingsmiddel til både Hafast og Møreaksen så er dette ein drøymesituasjon for Sunnmøre. Dersom vi får på plass lenka til Sogn og Fjordane så snart som råd, så vil vi vere godt stilt vegmessig.

Har teke signala

Gunvor Ulstein meiner det har vore viktig at Møre og Romsdal har fått inn politikarar i sentrale roller heilt inn i regjeringa.

– Eg har sagt tidlegare at eg ikkje kunne gjort det betre sjølv. Politikarane har tatt signalet og høyrt på fakta som vi har kome med.

Ho peikar på at Møre og Romsdal no har folk som Jon Georg Dale i samferdselsdepartementet, Sylvi Listhaug som statsråd og fleire til i sentrale stillingar.

Spaden i jorda før 2020

Med planleggingsmiddel på plass for Hafast, håpar Ulstein at ein skal kunne få fart på planane om å knyte saman Hareidlandet og fastlandet nordover.

– Eg blir meir og meir overbevist om det vi har planlagt og at det skal vere oppnåeleg å få spaden i jorda før 2020.

Ulstein peikar på at strategidirektør Kjetil Strand i Statens vegvesen region midt snakkar om at det kan ta mellom 10–15 år før ein kan byrje på bygginga av Hafast, men at dette er noko ho er fullstendig usamd med.

– Vi må finne dei optimale løysingane for kryssing av Storfjorden og sjå kva det er som passar best for Hafast. Teknologien har vi, slår Ulstein fast.

Kjell Sandli er dagleg leiar i hafast. Han håpar planleggingsmiddel i det nye statsbudsjettet fører til at Statens vegvesen kan kome i gang med å takle dei tøffaste utfordringane.