På dei to neste plassane i Hareid kom Farstad-direktøren Karl Johan Bakken (kr. 4.304.799) og Jorunn Overn Hjelle (kr. 3.911.270). Sistnemnde har selt ei større sentrumstomt i Hareid.

Ulsteinkvinna Synnøve Bjørge Leirvik står oppført med ei årsinntekt på kr. 10.589.932 og kom dermed på inntektstoppen i Ulstein tett føre Hallbjørn Ove Leirvik, som nådde ei årsinntekt på kr. 10.479.642. Dei er knytte til suksesshistoria Elprodukter i Saunesmarka. Elprodukter vart starta  i 1989 og oppkjøpt av Lagercrantz i 2013.

På 3.-plass kom Ulsmo-direktør Ingerid Ulstein med ei årsinntekt på kr. 7.084.206.

Ingerid Ulstein har størst formue

På formuestoppane i dei to kommunane finn vi Bjørn Teigene (Hareid Group) i Hareid og Ingerid Ulstein i Ulstein. Bjørn Teigene er god for kr. 56.249.354, medan Ingerid Ulstein er god for kr. 275.482.709.

I Hareid kjem fiskebåtreiar Ola Inge Grønnevet (kr. 47.886.640) som nr. 2 medan Libra-eigar Arne Lillebø er nr. 3 med ein formue på kr. 38.757.249.

Sjå  skattelistene øvst på framsida til nettsida vikebladet.no