For dei som hadde stått til konfirmasjon under sokneprest Bjørlykke for femti år sidan var ikkje gudstenesta den første samlinga. Dei hadde vore i lag og ete god mat og mimra både fredag og laurdag. Dei hadde også vore på stemnefest laurdagskvelden. Og etter festgudstenesta skulle dei ha ei ny, avrundande middagssamling.

Unni Teigene Ulstein bar fram helsing frå dei. Ho fortalde at av dei 69 som stod til konfirmasjon den gongen var sju døde. Ho las opp namna deira og la til at dei tre som var gravlagde på Hareid kyrkjegard hadde fått blomar på gravene sine.

Unni sa også at ho syntest at dagens konfirmantar var ”noko yngre enn oss”, men la til at ”det er vel som det skal vere”.  Ho runda av med denne helsinga til alle: ”Måtte dokke alle og vi få mange nye vårar!”

Om å kalle andre toskar

I talen sin snakka sokneprest Ruth-Eva Sollie ut frå Bergpreike-teksta i Matteus-evangeliet der Jesus refsar dei som er sinte på nesten sin og omtalar dei som ”toskar” og ”gudlause narrar”. Ja, i teksta så å seie jamstiller han desse med mordarar.

Soknepresten meinte at Jesus i dette tilfellet bedreiv ”overdrivinga sin kunst” for å få fram bodskapen.

Kjernen i teksta var at ord kan vere like sterke og øydeleggande som eit kvart våpen. Ord kan setje spor som det tek lang tid å lækje.

- Jesus ber oss eigentleg tenke over korleis vi bruker orda, at vi må passe på å ikkje lage hjartesår og øydelegge sjølvbildet og trua til den enkelte.

- Vi kan felle dommar, men ingen kan ta ifrå eit menneske den verdien det er gitt av Gud.

- Teksta handlar også om forsoning, sa soknepresten, - å kunne gjere opp og forlike seg med kvarandre. Forholdet vårt til Gud heng saman med forholdet vårt til nesten. Vågar vi ikkje gjere opp for oss og tilgi, bit bitterheita seg fast.

– Verda treng å høyre bodskapen om forsoning og tilgjeving. Og krafta og styrken kan vi frå han som har vist oss vegen,  Jesus Kristus, sa soknepresten.