Pengane går til  eit prosjek skulen har i Tanzania. Dei har blant anna bygd ein folkehøgskule.

Det er 6-7 jenter som går på den skulen i år, og dei har gitt skulen namnet SUFH-huset. Pengane går også til alt som høyrer med, som blant anna møbler og skrivesaker.

Elevane skal reise til Tanzania

Elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule skal reise nedover i november til Ilula.

-Dei skal la seg inspirere av opphaldet og fortsatt halde kontakta, seier Martin Endresen som er lærar ved SUFH.

-Det er ei norsk dame som driv senteret og som passar på at pengane kjem direkte ned til dei, og til rett bruk, fortsett han.

Loppemarknaden er elevane si oppgåve. Dei arrangerte i tillegg tombola, saman med diverse andre aktivitetar. Dei hadde også eventyr i kjellaren for dei små borna, medan foreldra kunne kike på loppene. Ikkje minst selde dei god mat til dei som tok turen innom.

Sto klare før det opna

Det kom mykje folk til loppemarknaden laurdag. Allereie ved opninga sto det omlag åtti menneske klare til handel. Utvalet var veldig variabelt, og ein kunne garantert finne noko ein likte. Det var mykje folk, men elevane såg ut til å ha alt under kontroll.

-Det er utruleg kjekt at vi kan arrangere noko slikt, fortel Emilie Wilhemsen som er elev ved skulen. Ho har besøkt staden dei skal besøkje tidlegare, så ho veit at pengane kjem trygt fram.

I Tanzania skal dei også sjå på barneheimen for foreldrelause jenter, men dei skal også sjå regionen, og ikkje minst fare på safari. Elevane er veldige glade for at så mange ville bidra til dette prosjektet, og dei gleder seg masse til å dra på tur.