Frå 18. oktober til 14. er Oskar Grimstad (Frp) på plass i New York under den 69. generalforsamlinga i FN. Saman med fem andre stortingsrepresentantar, mellom anna Trond Giske og Per Olaf Lundteigen, skal dei norske politikarane ha møter og følgje opp saker om menneskerettar, internasjonal rett og sikkerheitspolitikk.

- I tillegg til mellom anna brennaktuelle saker som ebolautbruddet og handteringa av den, fortel Grimstad.

Det er ikkje berre New York dei norske politikarane skal få sjå i løpet av om lag ein månad i USA.

- Vi skal også reise ei veke til Washington og vitje Capitol Hill der vi møter amerikanske politikarar. Det blir ei fantastisk oppleving i møte med internasjonale politiske utfordringar og leiande politikarar ein månad her i New York, slår Grimstad fast.