Sparebanken Møre-konsernet hadde i slutten av september eit resultat etter skatt på 496 millionar kroner, 176 millionar kroner meir enn til same tid i 2013. Noko banksjefane i Ulstein og Hareid meiner er mykje på grunn av arbeidet ved dei ulike lokalkontora.

– Vi har til dømes ei veldig kostnadseffektiv drift ved begge lokalkontora våre. Vi har også svært flinke og effektive medarbeidarar, som er dyktige rådgjevarar ovanfor kundane våre. Vi er i tillegg i den heldige situasjonen at vi verken i Ulstein eller Hareid har mykje tap, seier banksjefen ved avdelinga i Ulsteinvik, Nina Holm Sundgot.

Banksjefen for avdelinga på Hareid, Melinda Skeide, seier at det har vore lite tap grunna godt arbeid med dei kundane som kan få eller har problem.

– Det at vi har lite tap er eit resultat av godt arbeid med misleghald. Vi er tett på kundane våre, og får avverja situasjonar der kundane kan få problem, før det skjer.

– Godt konsern

– Kjerneverdien vår i Sparebanken Møre er at vi skal vere nære, at vi er tett på kundane våre og har ein god dialog med dei, seier kollega Holm Sundgot og legg til:

– På nettsidene våre er mobilnummeret til alle tilsette lett tilgjengeleg, fordi vi ynskjer at kundane skal vite at vi er der for dei.

I 2013 starta ein arbeidet med å målretta effektivisere drifta i heile Sparebanken Møre-konsernet.

– Det meiner eg absolutt vi har klart, seier Melinda Skeide.

Begge rosar leiinga, som sit på hovudkontoret i Ålesund, som dei har tett dialog med heile vegen, og som sørgjer for raske avgjersler.

– Vi er eit godt konsern å vere ein del av, seier Nina Holm Sundgot.

– Vekst i Hareid og Ulstein

– Her i Hareid og Ulstein har vi også opplevd volumvekst. Så eg meiner begge kontora gjer ein veldig god jobb, seier Holm Sundgot. Det er noko Hareid-banksjefen er heilt einig i.

– Vi har fått ganske mange nye kundar, og veit at vi har fleire potensielle. For oss er arbeidet no å halde på dei vi har, samstundes som vi vil utvide, seier Melinda Skeide.