Kall det gjerne «bygdejulebord». Tanken er at også dei som ikkje har høve til å delta på eit julebord i regi av jobben sin skal kunne få oppleve dette, seier hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll.

Julebordsesongen på Melshorn Hotell tek til 22. november. Frå då av blir det halde julebord på hotellet kvar fredag og laurdag.

Når hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll nyttar omgrep som «heile bygda», er ho snar med å presisere at kven som helst kan kome – sjølvsagt også frå andre bygder – og byar. – Vi gjer denne vrien for at alle skal ha eit tilbod, seier ho.

Aldersgrensa på slike julebord er 20 år.

– Vi gjer dette også som eit ledd i å gjere hotellet meir til heile bygda sitt hotell. Det kjem til å bli sendt ut invitasjon gjennom posten.

- Dansbart låtutval

Som vanleg er på slike julebord blir det servering av varme og kalde rettar og dessert. Og til å underhalde har hotellet fått med seg Red Rooster Bluesband med Per Arne Brandal i spissen.

– Dei legg opp til eit dansbart låtutval. Dei er flinke til å få med seg folk og er kjende for å ha god kontakt med publikum, seier Haddal Røssevoll, som elles ikkje har lagt planane for romjula på hotellet.

Men salet av juletallerknar vil starte måndag 10. november.