Unn Conradi Andersen frå Ulsteinvik disputerer i dag, fredag, med doktorgradsavhandlinga «Når margin blir mainstream. Forhandlingar av ekteskap, foreldreskap og slektskap i mediene».

I avhandlinga tek ho føre seg mediedekninga av surrogatidebatten, debatten om kjønnsnøytral ekteskapslov og diskusjonar rundt oppløyste og samansette stefamiliar. Ved hjelp av diskursanalyse ser Andersen på korleis desse debattane framstår i avisatriklar, politiske dokument, nettdebattar, ein TV-dokumentar og ei debattbok. - Vi lever i ei brytningstid der familiemønstera er i sterk endring. Men vi mangar språk for desse endringane. Den hetronormative kjernefamilken med mor, far og biologiske barn dominerer mediebildet. Liten plass til alternative måtar å leve på, gjer det unødvendig komplisert for alle som ikkje er A4, seier Unn Conradi Andersen.