Fantastiske Osberget AS i Ulsteinvik har fått rammeavtale med Møre og Romsdal Fylkeskommune på kjøp av grafiske tenester. Avtalen går over to år.

– Dette er eit stort oppdrag, kommenterer Magne Grimstad jr. til Vikebladet Vestposten.

Fantastiske Osberget skal hjelpe fylket med å spisse profilen sin. Fylkeskommunen er ein stor organisasjon med 2500 medarbeidarar som jobbar med mykje ulikt. No går dei inn i ein prosess for at dei skal få eit meir likt uttrykk.

– Visjonen til fylket er «Ein tydeleg medspelar». Me vil hjelpe dei å tydeleggjere denne visjonen gjennom profilen deira, forklarer Grimstad.

Kor mykje arbeid det blir på firmaet i Ulsteinvik, eller kor stor sum dei får for jobben, veit han ikkje. Men Romsdals Budstikke omtaler kontrakten for å vere i millionklasse.