Kvar laurdag møtest ein gjeng damer til eit fast tidspunkt, på Vollesanden i Ulsteinvik, året rundt for å ta seg ein symjetur. Dette har dei halde på med i nesten sju år. Etterkvart har damene vorte ein fast gjeng, sjølv om kven som helst kan henge seg på.

– Det er garantert damene som er best, ettersom mennene ikkje har halde ut anna enn å bli med i ny og ne, slår Synnøve Agnete Ringstad fast.

Ho starta dette opplegget saman med Gunn-Randi Solstad for omlag sju år sidan. Først var det berre dei to, men etterkvart fekk dei med seg fleire som ville henge seg på.

Kickstart på dagen

Damene har etterkvart starta ein klubb ved namn «Heilårs Symjeklubben Tausapinene».

Dei har klart å skaffe seg sponsorar, og dei har ein eigen logo som dei har fått laga.

– Det gir oss eit utruleg kick å symje uansett temperatur eller vèr, seier damene i kor.

For det er nettopp det dei gjer. Dei badar altså ikkje berre, men dei vel å symje også.

Tek det heilt ut

– Ja, her tek vi den heilt ut, ler Gunn-Randi Solstad.

Damene sym i badedrakt, men om vinteren brukar dei hanskar for å ikkje å misse heilt kjenslene i fingrane.

– Ikkje nok med å gi oss eit kick, så er det ikkje farleg å sjå kva kroppen toler av temperaturforskjellar, og det er nok litt helsemessig også, meiner Synnøve Agnete Ringstad.

Om ei av damene ikkje rekk å møte opp halv ti om morgonen ein laurdag, så brukar dei likevel å ta seg eit bad åleine ein annan dag den veka.

– Og om vinteren klarer eg alltid å få med meg nokon, slik  at eg ikkje badar åleine, fortel Synnøve vidare.

Damene møter gladeleg opp, sjeldant utan unntak.

– Det var ein gong eg møtte opp heilt åleine, og eg kunne verkeleg ikkje skjøne kvifor. Det var inntil eg kom til å tenkje på cupfinala i Oslo med Hødd. Det var noko som ikkje slo meg heilt den morgonen, ler Gunn-Randi Solstad saman med resten av jentene.

Veldig sosialt

Dei fortel at å ta seg eit bad så tidleg på morgonen gir damene ein god start, og ikkje minst er det sosialt.

Når dei badar, er praten i full gong, sjølv om temperaturen denne morgonen viser elleve grader.

– Det har vore heilt ned i tre grader og det er ufatteleg kaldt, men vi nøler likevel ikkje, seier dei mens dei ser på kvarandre.

Badefrukost

Damene har også eigne hettegenserar med logoen sin på, og dei er stolte over klubben dei har stifta. Dei er opptatt av at dei skal kose seg når dei er i lag, og minst ein gong i året arrangerer dei badefrukost. Då samlast dei og tek seg ein symjetur etterfølgt av ein god frukost som dei steller i stand. Damene oppfordrar om at fleire kan hengje seg på, og påpeiker at dette ikkje er nokon konkurranse.

Dei har ingen regel om at ein må bade fast kvar laurdag, men det er kjekt å ha noko ein kan sjå fram til.

– Det hender det blir litt roping om vinteren når det står på det kaldaste, men mest ler vi, fortel damene. – Vi brukar å måle temperaturen i sjøen kvar gong vi badar. Uansett om det er snø, vind eller sol gir vi oss ikkje, avsluttar dei.

Likevel er nok ikkje vinden det dei er gladast i å få.