– Farstad Shipping ønskjer å vere ein frontfigur i bruk av nyutvikla miljøteknologi. Me provar nok ein gong at me tar klimautfordringar på alvor. Teknologien innstallert i Far Sun og Far Sygna er i verdstoppen. Han er utvikla av våre tilsette og samarbeidspartnarar i den maritime klynga på Vestlandet. Eg er mektig imponert over kva dei har fått til, seier administrerande direktør Karl-Johan Bakken i Farstad Shipping.

Reduserer utslepp 90 prosent

Dei nye skipa, som døypast i Bergen 1. november, er kvar utstyrt med tre hovudmotorar og siste generasjons dieselekektrisk framdriftssystem. Det gjev lågt forbruk og særs låge utslepp. Katalysatorar er installerte på alle dieselmotorar, også på havneaggregatet.

– Straumgeneratorarar med tilhøyrande katalysatorar installert om bord i Far Sun og Far Sygna vil aleine redusere NOX-utsleppa med over 90 prosent. I tillegg kjem reduserte CO2-utslepp som ein konsekvens av særs lågt drivstofforbruk i einkvar driftskondisjon, seier Børge Nakken, konserndirektør for teknologi og utvikling ved Farstad Shipping.

Tenkjer langsiktig

Karl-Johan Bakken er overtydd om at det er viktig å tenkje langsiktig, og då er miljøteknologi vegen å gå.

– Investeringane våre i miljøteknologi gjer oss også meir attraktive for kundane våre i form av lågare kostnader til drivstoff og avgiftar. For oss er dette ei investering for framtida, slår Bakken fast.

Nært samarbeid med Rolls-Royce

I nært samarbeid med Rolls-Royce har Farstad Shipping utvikla nyvinninga SHOS (Safe Hose Operation System). Dette er eit mekanisk system som festar lasteslangane til skroget ved lossing og lasting offshore, noko som tidlegare har vore ein manuell arbeidsoperasjon.

Utstyret har fungert godt i den perioden skipa har vore i drift, med gode tilbakemeldingar frå kundar, offshoreinstellasjonar og eige mannskap, melder Farstad Shipping.

Både Far Sun og Far Sygna er tiltenkt ein sentral rolle i Nordsjøen, der dei no har tatt fatt på ein seksårskontrakt med Statoil.