Heime hos Oddrun Alme Mork og Jarle Mork i indre Morka er dei flinke til å rake unna nedfallsfrukt frå plommetrea. Desse vrakplommene – om lag eit og eit halvt trillebårlass – vart dumpa på ein parsell litt lenger inne i dalen i området mellom avkøyrselsvegen til vassverket og Nessetelva.

Her låg plommene og gjæra seg i det varme vêret.

I halv ti-tida ein kveld kom Arne Gunnar Nesset og kona Jenny køyrande heimover i bil. Dei bur like innafor Nessetelva. Brått oppdaga dei ein hjort som gjekk litt rart i vegkanten.

– Vi slakka ned, men hjorten ville ikkje flytte seg. Han gjekk der og varra og oppførte seg i det heile veldig rart. Så gjekk han ned på kne. Eg stoppa bilen og gjekk ut for å sjå om han kunne vere skadd. Eg hadde han på ein og ein halv meters avstand, men kunne ikkje sjå noko som helst. Så klappa eg for å jage han, og då gjekk han ned i skogen. Eg følgde han eit lite stykke og såg at han gjekk inn på ei mark. Så tilkalla eg Lars-Ove Mork, som gjorde eit søk, men utan å sjå noko meir av hjorten.

- Då det lysna dagen etter viste det seg at nesten alle dei gjæra plommene var vekke, fortel Arne Gunnar.

Og tanken gjekk sjølvsagt til den varrande hjorten