Den har vore lenge etterlengta, hurtigbåten "Tideekspress". I morgontimane onsdag var det klart at båten hadde reist frå Stord. "Tideekspress" har vore ved Oma Slipp & mekaniske verkstad på Stord sidan i sommar, der den skulle for ein årleg sjekk og skifting av motorar. Den var der fram til i dag, onsdag, grunna det Norled forklarar som ein uheldig leveransesituasjon.

– Vi har rett og slett fått feil leveranse av delar vi treng for å reparere båten. Vi har bestilt nye, men ventar framleis på dei. Eg blir likevel overraska om den ikkje er tilbake før utgangen av oktober, sa hurtigbåtsjefen i Norled, Bjørn Egil Sundenå, tidlegare i haust.

Det fekk hurtigbåtsjefen ganske rett i, då det framleis er eit par dagar igjen av oktober.

- Gode tilbakemeldingar

Båten, med ein kapasitet på 290 passasjerar, har vore ute av drift sidan i sommar. Mange av pendlarane har sakna båten, som gjorde morgon- og ettermiddagsrushet litt mindre. I sommar og fram til no har "Tyrving" gått i staden for "Tideekspress". "Tyrving" og "Tidebris", kvar med kapasitet på 180 passasjerar, har gjort jobben med å frakte folk denne sommaren, meiner Sundenå.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei reisande, som meiner at dei to mindre båtane har vore ei god løysing i fråveret til "Tideekspress".

Har følgd med lenge

Mannen som ovanfor Vikebladet Vestposten kunne avsløre at båten var på veg til Sunnmøre igjen, var dagleg leiar i Mafoss, Terje Høybakk.

- Eg har følgd med lenge. Med dagens teknologi er det jo fullt mogleg å ha kontroll på kvar alle båtar i verda er. I dag merka eg meg at han var passert Bergen og nesten komt fram til Måløy, og då steig også gleda gradvis. Dette er veldig gledeleg, mest av alt for alle pendlarane som no endeleg får tilbake båten, seier Høybakk.